9. mars 2019

 

Historie

Skrevet av: rennleiar, publisert 10.09.2018

SESILÅMI - Vinterens store styrkeprøve

Sesilåmi er eit klassisk høgfjellsrenn frå Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal.

53 km lang "låm" i klassisk stil over høgfjellet langs "skinnvegen"(gamal handelsveg) frå Setesdal til Sirdal. Rennet vart fyrste gong arrangert i 1976.

Rennet er ei tøff utfordring der høgste punkt er på 1000 moh og verforholda kan vera utfordrande.  

Navnet "SESILÅMI" betyr: SEtesdal til SIrdal LÅMI(løypa). 

SESILÅMI-LEGENDENE: 

Nokre spreke karar har gjennomført alle Sesilåmi frå 1976. 
Og ei kvende(Ingeborg Haughom) har gjennomført alle låmi unnateke to - då ho var gravid/fødde barn. 

I 2019 vil fleire ha moglegheit til å gjennomføre Sesilåmi for 40. gang - og då ventar ei gjev premie for bragda. 

Pr. 2018 har desse karane gjenge alle 39 renn som har vorte arrangert: 

Sesilåmi er turrennet for tøffingar. Turrennet er på 53 km over høgfjellet der det høgste punktet er 1000 moh.

Mette Hjorth og Ånund Eldhuset var raskaste kvinne og mann over heia fyrste gong rennet vart arrangert i 1976. Tidene då var 4.51.48 og 3.28.11.

Løyperekordane er frå 2007 der Svein Tore Sinnes står notert med rekorden for herrar på 2.13.12 medan Jorunn Øye har han for damer på 2.39.49.

Vertilhøva er til tider harde og rennet har vorte avlyst 4 gonger pga sterk vind og snøver. Tryggleiken for løparane har då stått høgst og rennleiar har velt å avlysa.

Sidan 2014 har Sesilåmi teke grep og laga ei uversløype med start og mål i Brokke. Sesilåmi vil da gå uansett ver, men i ei noko kortare løype.

Sjå Sesilåmifilmen og bli inspirert til ein flott skitur frå Setesdal til Sirdal.