Siste nyhende:
  • SKI OG SYKKEL DOBBELEN 2020:
  • Nyhet: «Sesilåmi SAMMEN»
  • Sesilåmi vert ein del av Visma Ski Classics!
  • Sesilåmi-filmen
  • Sesilåmi 2020 – Påmelding har opna!

Det er 9 beredskapsstasjonar i løypa over heia. 3 på Setesdalssida, og 6 på Sirdalssida. Totalt 32 personar.

Alle stasjonane har førstehjelpsutstyr sponsa av Snøgg med gnagsårplaster, plaster, sportsteip, isposar og diverse småting. Du vil sjå skilt med Snøgg- logoen på desse stadene i løypa. Her kan du stoppe for å få hjelp dersom du har behov for dette.

Der er også snøskuterpatruljer på nokre område. Desse har bårer, spjelkeutstyr og vil kunne hjelpe deg om uhellet er ute.

Det er fire personer på kvar fyrstehjelpspost med snøskuter og slede med båre.

Sluttpatruljen har også redningspulk og hjertestartar med seg.

I start/målområdet er det også personell som kan yte førstehjelp.