Siste nyhende:
  • SKI OG SYKKEL DOBBELEN 2020:
  • Nyhet: «Sesilåmi SAMMEN»
  • Sesilåmi vert ein del av Visma Ski Classics!
  • Sesilåmi-filmen
  • Sesilåmi 2020 – Påmelding har opna!

Noregs Skiforbund sine reglar for turrenn gjeld også for Sesilåmi.

Alle deltakarar må ha lisens (forsikring). https://www.skiforbundet.no/for-klubb-og-utovere/skilisens/

Yngste alder for å delta i rennet er 15 år. (må fylle 15 år i løpet av arrangementsåret)

All påmelding er bindande. Startkontingenten vert ikkje refundert sjølv om den påmeldte av ulike årsaker (sjukdom osv.) ikkje kan delta.

Rennet går i klassisk stil. Bruk av skøyteteknikk er ikkje tillate.

Reglar rundt stavlengd frå Noregs Skiforbund finn du her.

Ryggsekk /bekledning
Alle deltakarar må bera sekk som skal vega minst 3 kg under heile løpet.  Belte/rumpetaske eller liknande som erstatning for ryggsekken er ikkje tillate.
 
Av tryggleiksmessige årsaker er det eit absolutt krav at sekken skal innehalda følgjande utstyr/bekledning:

  • Vindtett jakke og bukse (med lange armer/bein)
  • Tørt undertøy eller ekstra isolerande lag
  • Vottar og lue (evt balaklava/buff/headover)

Vi anbefaler også at du tar med mat/drikke og tørre sokker. Sjekk vérmeldinga og tenk på din eigen tryggleik.

Deltakarar som manglar pålagd innhald i sekken ved kontroll før start, vil ikkje få anledning til å starte før dette er i orden. Ved dårlege vértilhøve der mykje av utstyret er anvendt, vil vi selvfølgeleg utvisa skjønn ved målkontroll.

Deltakarar som ikkje følgjer rennreglene kan bli diskvalifiserte eller få tillegg i tid. Det er kontrollpostar langs løypa, ved start og ved mål.

Miljø
Det er nulltoleranse for forsøpling i traséen. Ta med søppel til næraste matstasjon. Registrert forsøpling i og langs traséen kan bli straffa med 15 minutt tillegg i tid.

Startnummer/brikke
Deltakarane skal gå med synleg startnummer gjennom heile rennet. Det er ikkje tillate å bretta eller dekkja til startnummeret.

Det er viktig at du startar med eige startnummer/eigen identitet pga. tryggleiken. 

Tidsfrister
Av tryggleiksmessige årsaker har vi satt tidsfrister: 
Øyuvsbu, ca 20 km: Kl. 12:30
Ånghedler, ca 42 km; Kl. 16:00
Dei som ikkje klarar tidsfristene vil av tryggleiksmessige årsaker bli plukka opp av sluttpatruljen. (snøscootrar med tilhengar)

Brote løp
Dersom nokon må bryta løpet er det viktig at de melder dette inn til arrangør.
Send tekstmelding til: 476 74 530 med «Brutt løp – og ditt startnummer». 

Løypereglar
Vi oppmodar løparar til å halde til høgre og sleppe raskare løparar forbi på venstre side (hovudregel).

Vér- og føre
Dersom vértilhøva er slik at rennets jury meiner at det er for stor risiko for løparane å ta seg fram over fjellet, vil Sesilåmi gjennomførast i vår reserveløype: «Uværsløypa».

Det tas atterhald om rett til å avbryte/avlyse, eventuelt utsette rennet eller starttidspunkt på kort varsel. Ved behov kan det bli sett nye spor undervegs i arrangementet.

Refusjon av startkontingent ved avlysning:

  • Ingen refusjon av startkontingent dersom Sesilåmi avlyses renndagen pga vértilhøve/tryggleik.
  • 50 % refusjon av startkontingent dersom Sesilåmi vert avlyst FØR renndagen.